Støtteordning for høge straumprisar

 

Regjeringas kompensasjon for høge straumprisar: Dette betyr ordninga for deg!

 

Regjeringa har lagt fram forslag til ein støtteordning for høge straumprisar, og ditt nettselskap skal bidra til å følge opp og sørge for at din straumrekning blir lågare i månadene framover. 


Må eg gjera noko for å få kompensasjon?  
Som kunde trenger du ikkje gjera noko for å få kompensasjon – beløpet du har krav på  blir automatisk trekt frå di nettleige. Ordninga gjeld frå og med desember til og med mars. Dersom du har rett på støtte, vil du få det første fråtrekket på fakturaen du mottar allereie i januar. 

 

Kven får kompensasjon? 
Alle hushaldningskundar vil få kompensasjon for straumen dei brukar. Dersom du eig ei hytte eller fritidsbolig får du ikkje kompensasjon for straumforbruket på denne adressa. Burettslag med felles straummålar er foreløpig ikkje ein del av ordninga, men det utarbeidast ein løysning for denne gruppa. Det same gjelder gardsbruk.  

 

Når gjelder ordninga frå? 
Ordninga vil gjelde allereie frå og med straumrekninga for desember, som fakturerast i januar, og ordninga vil vare til og med mars 2022.  

 

Kor mykje kompensasjon har eg krav på? 
Den føreslåtte ordninga inneberer at kunden får kompensert 80% av kostnadane over 70 øre/kWh ekskl. mva

Dette betyr at dersom spotpris i ditt område er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva.) i løpet av ein månad, har du rett på kompensasjon – uansett kva straumavtale du har. Taket for kompensasjon er 5000 kWh per månad, og forbruk over dette blir ikkje kompensert.  

 

Kven har ansvaret? 
Det er nettselskapet som har ansvaret for å gjennomføre støtteordninga og beløpet vil bli trekt frå den månadlege rekninga for nettleige. Dersom summen overstige den månadlege nettleiga, blir beløpet utbetalt til kundes bankkonto eller trekt frå straumrekninga. 

 

Mange kundar har straum og nettleige på same faktura. Det betyr at fråtrekket kjem på straumrekninga, men det er nettselskapet som sørgjer for at kompensasjonen blir rett. Dersom du har spørsmål om kompensasjonsordningen, kan du kontakte oss. 

 

Kor mykje blir eg kompensert? 
Her viser vi to eksemplar, kor vi tar utgangspunkt i ein gjennomsnittleg spotpris for desember på 120 øre/kWh. Kompensasjonen vil variere ut frå forbruk og gjennomsnittleg spotpris.  

 

Enebolig 
Forventet forbruk desember: 3 280 kWh 
Kompensasjon: 1 025 kr 

Leilighet 
Forventet forbruk desember: 1 336 kWh 
Kompensasjon: 418 kr 

 

Les meir om ordninga på nve.no eller på regjeringen.no

Forrige
Forrige

Strøyma er sertifisert til Trygg straumhandel

Neste
Neste

Opplever du endring i eFaktura?