Strøyma er sertifisert for Trygg strømhandel

Trygg strømhandel er ei sertifiseringsordning for straumleverandørar. Strøyma blei sertifisert 1. september 2021 og er stolt av å vera blant dei fyrste sertifiserte bedriftene.

Ein straumleverandør må gjennom ein omfattande sertifiseringsprosess for å kunna vera ein del av Trygg strømhandel. I tillegg må straumleverandøren kontinuerleg oppfylla ein del krav når det kjem til sal, kundekontakt, informasjon, kompetanse og andre kriteria.

Dei viktigaste krava til Trygg strømhandel

  • Selskapa skal sertifiserast og godkjennast av DNV GL.

  • Det stillast strenge krav til salsaktivitet i alle kanalar som f.eks. telefonsal, sosiale medium, dørsal eller stands.

  • Strenge krav til tenesteleverandørar som har direkte kontakt med straumkunden (callcentre etc.)

  • Krav til kompetanse hos tilsette og gode prosessar for klagebehandling mm.

  • Straumprodukta skal vera enkle å skilja frå kvarandre.

  • Kunden skal kunna velja kanal for prisvarslinger. Eksemplar på dette er SMS eller e-post.

  • Kampanjetilbod skal merkast tydeleg og kundane skal veta kva som skjer etter tilbodsperioden.

  • Det skal vera openheit om alle priselement og varigheita på straumprodukta.

  • Det skal vera enkelt å bytta straumleverandør. Når ein kunde har betalt sin siste faktura, skal vedkommande ikkje kontaktast av straumleverandøren på minst seks månadar.

Har du spørsmål vedrørande Trygg strømhandel?