Skal du flytta? Slik ordnar du med straumen

Dersom du skal flytta, er det viktig å informera oss om dette slik at me kan hjelpa deg med overføringa av straumabonnementet ditt eller sei det opp for deg.

Følg desse trinna for å sikra ein smidig overgang:

  • Du må sei opp straumabonnementet ditt i den boligen du flyttar frå. Så snart du veit utflyttingsdato, kan du gje beskjed til oss om dette. Me seier då abonnementet ditt opp frå denne datoen. Du bør gje beskjed til oss seinast sju dagar før du flyttar ut, for at me skal kunne velja rett dato.

  • Dersom du ønskjer straum frå oss i din nye bolig kan du ta med straumavtalen din. Du kan då bestille straum frå oss på vanleg måte til denne adressa. Me sel straum i heile Noreg. Bestill straum her.

  • Dersom du blir fakturert både straum og nettleige på faktura frå Strøyma, seier me opp nettleiga når du melder flytting til oss. Dette gjeld dersom ditt nettselskap er BKK eller Lysna.

    Om du ikkje får nettleige på faktura frå Strøyma må du ta kontakt med ditt nettselskap og sei opp nettleiga sjølv.

  • Det er dessverre ikkje mogleg å melda flytting tilbake i tid. Har du gløymd dette må du sjå etter at den som flyttar inn oppretter avtale i din gamle bolig frå dagen dei flytta inn. Då vil din avtale automatisk bli sagt opp, også tilbake i tid.

  • Då står avtalen på tidlegare eigar av bolig, eller du har ventestraum/leveringsplikt frå netteigar. Du bør difor bestilla straum så snart som mogleg.

    Ta kontakt med oss så hjelper me deg eller bestill straum her.

  • Dersom du har AMS (automatisk måler) trenger du ikkje å lesa av straummålaren. Den vil automatisk lesa av straumen og registrera riktig dato.

    Dersom du har standsmålt straummålar må du lesa av og melde det inn til oss.

La oss hjelpa deg

Dersom du ikkje fekk svar på det du lurte på hjelper me deg gjerne.