Opplever du endring i eFaktura?

 

eFaktura blir enklare

eFaktura gjer at du enkelt kan få rekningar frå alle eFakturautsendarar rett i dine betalingsflater. Med eFaktura 2.0, som blei lansert 1. desember 2021, slepp du å inngå eFaktura-avtale med kvar fakturautsender enkeltvis, dersom du har gitt ditt samtykke til «ja takk til alle».  

 

I dine betalingsflater kan du enkelt godkjenne eller sletta fakturaer. Dersom det er ynskjeleg kan du også enkelt reservere deg mot dei eFakturautsendere du ikkje ynskjer eFakturakrav frå.

 

Motta eFakturaer "på vegne av"

Det har med «ja takk til bestemte» vore mogleg å etablere ein eFakturaavtale som er adressert til andre enn den opprinelege mottakaren av fakturaen (ein mottar eFaktura på vegne av for eksempel barn, ektemake, verge, etc.). Dette må gjerast på ein anna måte etter 1. desember. Når nokon har samtykka til «ja takk til alle», blir eFaktura automatisk sendt til den som står oppført som mottakar av fakturaen. Ein av årsakane til dette er personvernlovgjevning, som seier at faktura kun blir presentert til rett mottakar. Dersom du ynskjer at faktura frå Strøyma skal sendast til andre enn deg sjølv, må du ta kontakt med oss, så hjelper me deg.

 

Ynskjer du meir informasjon om eFaktura 2.0 kan du lese meir på eFaktura.no

Forrige
Forrige

Støtteordning for høge straumprisar