Strøyma-appen får nytt design

Det er blitt lansert ein ny versjon av Strøyma-appen. I tillegg til at det kjem noko nye funksjonalitetar, vil også designet bli oppdater. Den er enda enkel i bruk, med god oversikt over forbruk og spotpris.

 

Nytt i appen:

Bytte av bustad

Dersom du har fleire straumabonnement hos Strøyma kan du skilje på desse ved å trykkja på bustad-ikonet oppe til høgre på framsida i appen.

 

Spotpris

Sjølve tenesta er lik som tidlegare, men har fått nytt design. Fargekode skal gjere det enklare å skilje når prisen er høg og lav gjennom dagen.

 

Forbruk

No blir det ei ny side som viser estimat for alle kostnader du har med både straum og nettleige. På framsida blir det vist i kr, men hugs at dette er eit estimat og kan variere frå faktura. Trykkjer du inn på forbruket får du det i kWh.

 

Døgnmaks for nettleige

Oversikt over døgnmaks for nettleige har lenge vore tilgjengeleg i appen. Tidlegare måtte ein manuelt aktivere dette, men no ligg det på heim-skjermen for alle brukarar av appen. Ønskjer du å lese meir om døgnmaks for nettleige kan du gjere det her.

 

Dark mode

Appen vil no automatisk bli vist i dark mode dersom telefonen er satt til dette.


Som alltid kan du ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til Strøyma-appen eller anna.

 
Forrige
Forrige

På flyttefot i sommar?

Neste
Neste

Norges mest fornøgde breibands- og tv-kundar