Strømstøtteordninga for høge straumprisar

Korleis fungerer straumstøtta?

Straumstøtta er ei ordning som hjelper hushaldningar med høge straumprisar. Når prisen på straum blir høgare enn 93,75 øre per kWh (inkl. mva.), dekker staten 90 % av prisen over dette nivået. Dette skjer automatisk, uten at du trenger å gjere noko.

Formelen for å berekna støtta blir då 

(spotprisen i ditt område – 75) × 0,9 × 1,25 

Kven får straumstøtte, og kva er avgrensinga?

Ordninga dekkjer hushald og bustadselskap, men ikkje fritidsbustader. Støtta gjeld for eit månadleg straumforbruk opptil 5 000 kWh. Forbruk utover dette dekkjast ikkje.

Slik får du straumstøtta

Stønaden vert trekt automatisk frå nettleiga di. Har du straum og nettleige på same faktura, trekkast beløpet direkte frå totalsummen du skal betale. Dersom du ikkje har straum og nettleige på same faktura, vil du sjå straumstøtta på faktura for nettleiga.

Nysgjerrig på kva straumstøtta blir denne månaden?

I Strøyma-appen kan du enkelt sjå kva straumkostnadene dine blir etter at straumstøtta er trekt frå.

Slik gjer du det:

  1. Opne Strøyma-appen.

  2. Gå til forbruket ditt og vel "Strømstøtte".

  3. Huk av for "Vis estimert strømstøtte".

Når spotprisen er over 93,75 øre per kWh, viser appen kor mykje straumstøtte du får. Du kan også finne informasjonen i oversikta over straumforbruket ditt.

Forrige
Forrige

Problem med Strøyma-app og Mi side

Neste
Neste

På flyttefot? Slik ordnar du med straumabonnementet