Straumnettet inndelt i ulike prissonar
Noreg er delt inn i fem ulike prissonar NO1 (aust), NO2 (sør), NO3 (midt), NO4 (nord) og NO5 (vest), som kvar har eigne spotprisar. Desse prissonane er inndelt av Statnett, og har samanheng med overføringsnettet.
Dei tre sørlegaste prisområda har ofte jamn spotpris, men den siste tida har det likevel vore større forskjellar. Dette kjem av ulik tilgang på kraft. Skille mellom NO2 og NO5 går mellom gamle Os- og Fusa kommune, kor Fusa tilhøyrar sør og Os vest.