Strøyma Aktiv Bedrift
Med forvaltningsavtalen Strøyma Aktiv Bedrift, har våre bedriftskundar i 2022 spart over 4,5 millionar mot spotmarknaden.
For å oppnå best mogleg straumpris må ein vera aktiv i kraftmarknaden. Med Strøyma Aktiv Bedrift gjer me dette for deg. Me har eksterne forvaltarar som kjenner marknaden godt, og jobbar aktivt for å sikra di bedrift ein betre pris enn spotpris, ved å utnytta svingningane i marknaden.
Kva er prissikring av straum?
I straummarknaden finst det to hovudmarknader. Nordpool er ein internasjonal marknadsplass for kjøp og sal av straum. Her kjøper ein det som er kjent som spotpris på dagleg basis. Kvar dag melder kraftleverandørane om sin produksjonskapasitet for neste dag, medan straumselskapa meldar sitt behov. Basert på dette blir spotpris for neste dag satt.
I tillegg finst det og ein marknad for kjøp av framtidskontraktar på straum, altså ein avtalt pris på ein framtidig straumleveranse. Våre forvaltarar handlar framtidige leveransar på gunstige tidspunkt, og prøvar på den måten å sikra deg ein betre straumpris. Det er denne prissikringa som er grunnlaget for Strøyma Aktiv Bedrift.
Så mykje har våre kundar spart
I 2022 har våre bedriftskundar spart til saman 4,5 millionar samanlikna med spotpris. Forvaltningsprisen på Strøyma Aktiv Bedrift har vore lågare enn spotprisen kvar månad i 2022, noko den også var gjennom heile 2021!
Ein gjennomsnittleg bedriftskunde med årleg forbruk på rundt 100 000 kWh har i 2022 spart ca. 32000 kroner. På det meste har forskjellen vore opp mot to kroner per kWh mellom vår forvaltningspris og spotpris.
Med forvaltningsavtale er det viktig å hugsa på at sjølv om avtalen har gjort det godt, er ikkje dette noko garanti for framtida.
Strøyma Aktiv Bedrift
Strøyma Aktiv Bedrift passar for mindre og mellomstore besdrifter som ønskjer å følje marknaden, med moglegheit til å oppnå ein betre pris enn spotpris. Vår forvaltar jobbar aktivt i den finansielle kraftmarknaden med mål om å slå spotpris til ei kvar tid.
Fast månadsbeløp på 38 kr
5,6 øre/kWh inkl. elsertifikatkostnad
Ingen bindingstid
Ingen forskotsbetaling